Program på Open dag:
- Ein student vil fortelje om korleis det er å studere arbeids- og organisasjonspsykologi og kvifor dei anbefaler andre å velje dette studiet.
- Ein smakebit av kva du lærar på studiet: Miniforelesning om eit tema innan arbeids- og organisasjonspsykologi.
- Studentmentor vil fortelje om mentorordinga og korleis nye studentar blir fagleg og sosialt integrert i studiet og studiemiljøet.
- Omvisning på Det psykologiske fakultet.
Om studiet
På bachelorstudiet i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer du om korleis eit godt arbeidsmiljø påverkar trivsel, helse og produktivitet på ein arbeidsplass. På studiet spør vi:
- Kva er avgjerande for eit godt arbeidsmiljø?
- Korleis handlar og reagerer enkeltindividet på ulike sider i arbeidslivet?
Det finst verkemiddel ein kan nytte for å utvikle både enkeltmenneske, grupper og organisasjonar. Og det finst ting ein kan gjere for å førebygge og handtere problem som oppstår på arbeidsplassen. Det lærer du meir om på bachelorstudiet.
Arbeids- og organisasjonspsykologi spesialiserer seg på arbeidslivet, som faktisk er den arenaen vi bruker mest tid på i løpet av livet.