Program for Åpen dag
- Informasjon om Fagskulen Vestland og fagskuleutdanning
- treff nokre av lærarane våre og få eit innblikk i korleis utdanningane vår fungerer
- du får bryne deg på faglege utfordringar og problemstillinger
- det blir moglegheit for omvising på skulen
Merk: det blir også mogleg å følgje programmet digitalt
Om studiet
Automatisering og robotteknologi får ein større og større plass i industrien. Hos oss får du kompetansen du treng til å bidra aktivt i denne spennande utviklinga, og hjelpe bedrifter til å arbeide meir effektivt, miljøvenleg og lønsamt
Arbeidsmoglegheiter
Næringslivet har i dag eit behov for folk med kompetanse på høgare nivå enn fagarbeidar, noko som gjer at fagarbeidarar med høgare yrkesfagleg utdanning svært ettertrakta i marknaden. Dei fleste som fullfører fagskuleutdanning har veldig gode moglegheiter i arbeidsmarknaden. Fagskuleingeniørar innan automatisering er kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som til dømes automatiseringsleiar innan planlegging, service og sal innan olje/prosessindustri, elektromekanisk og elektrisk industri og byggautomatisering. Ein vert også kvalifisert til å bli faglærar i vidaregåande opplæring.