Program for Åpen dag
- informasjon om Fagskulen Vestland og fagskuleutdanning
- treff nokre av lærarane våre og få eit innblikk i korleis utdanningane vår fungerer
- du får bryne deg på faglege utfordringar og problemstillinga
- det blir moglegheit for omvising på skulen
Merk: det blir også mogleg å følgje programmet digitalt
Om studiet
Samfunnet og næringslivet har stadig behov for nye fagskuleingeniørar som kan jobbe med drift, vedlikehald, dimensjonering og prosjektering av elektriske låg- og høgspenningsanlegg. Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer, frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
Arbeidsmoglegheiter
Næringslivet har i dag eit behov for folk med kompetanse på høgare nivå enn fagarbeidar, noko som gjer at fagarbeidarar med høgare yrkesfagleg utdanning svært ettertrakta i marknaden. Dei fleste som fullfører fagskuleutdanning har veldig gode moglegheiter i arbeidsmarknaden. Som fagskuleingeniør innan elkraft er ein kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som til dømes installasjonsbedrifter, energiverk og elektroteknisk rådgiving. Vidare kvalifiserer utdanninga også for arbeid innan handel og for stillingar som konstruktør, planleggar, serviceteknikar og faglærar i den vidaregåande skulen.