Dette studieprogrammet har ikke arrangement på Åpen dag i 2025.
Om studiet
Det moderne samfunnet krev teknikarar med både generell og spesiell kompetanse innanfor klima, energi og miljø (KEM) i bygg. Ved innføring av energidirektivet for bygningar i Noreg aukar behovet for teknikarar på fag- og servicenivå.
Studiet gir moglegheiter for interessante jobbar i bransjar som VVS, kulde, ventilasjon og elektro, men også i eigedomsdrift og energirelaterte bransjar. Fagskulen Vestland tilbyr ei komplett utdanning i KEM-studiet. Studiet er eit 3-årig, nettbasert deltidsstudium.