Økonomi og administrasjon
NHH
Kva handlar studiet i økonomi og administrasjon på NHH om? Kva kan du bruke det til? På Åpen dag på NHH får du høyre meir om innhaldet i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon frå studentane sjølv.

Se mer informasjon
Program
Vel møtt til NHH! Kva går studiet ved NHH ut på – og passar det for deg?
Ved prorektor Linda Nøstbakken
Korleis er det eigentleg å studere på NHH?
Ved student Frid Helén Hop
Internasjonale moglegheiter: Dra på utveksling til utlandet
Ved student Josefin Styve
LUNSJ (gratis)
Spennande jobbmoglegheitar etter studia
Ved tidlegare student Linda Roald, AVO Consulting
Rettferd - kor mykje bryr du deg når det kjem til stykket? Bli med på eit eksperiment med forskingssenteret FAIR
Ved forskar Hallgeir Sjåstad
Få svar på alt du lurer på
Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia
Omvisning
Bur du utanfor Hordaland?
Då kan du søkje om reisestipend frå NHH. Les meir og søk reisestipend på nhh.no.
Slik kjem du deg NHH
NHH held til i flotte omgjevnader med fin natur og god utsikt over fjorden, rett ved motorvegen i ytre Sandviken om lag fem km nord for Bergen sentrum. Busstoppet heiter ‘Handelshøyskolen’ på E39. Frå Festplassen i sentrum kan du ta buss nummer 3, 4, 5, 6 og 8.
Det spelar ei rolle kor du studerer!
Som NHH-student får du:
- Utdanning av høg kvalitet - du lærer av dei beste fagfolka, saman med dei beste studentane
- Plass på ein av dei beste handelshøgskulane i Europa
- Spennande internasjonale moglegheiter
- Svært gode jobb- og karrieremoglegheiter
- Eit aktivt og engasjert studentmiljø
Studér med dei beste, lær av dei beste!
Les meir på nhh.no: Studier ved NHH
Passer for:
Deg som vil gjere ein positiv forskjell i samfunnet!
Sted: Helleveien 30, auditorium A
Fagretninger:
Jus, økonomi og administrative fag
Opptakskrav
For å kunne begynne å studere ved NHH, må du ha generell studiekompetanse og ha bestått matematikk R1 eller S1 og S2. Poenggrensa for å komme inn på NHH var i 2018: 52,7 for førstegongsvitnemål og 56,5 for ordinær kvote.

NHH
Norges Handelshøgskule (NHH) er mellom dei leiande handelshøgskulane i Europa. NHH har eit internasjonalt akta forskingsmiljø og er førstevalet for studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
I tett samspel med næringslivet og forvaltninga utviklar vi ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH har ein internasjonalprofil og samarbeider med 170 universitet og handelshøgskular i meir enn 50 land. Vi har 3400 studentar og 400 tilsette.
Les mer om oss på våre websider