Politikk og forvaltning handlar om korleis demokratiet vårt fungerer. Det er eit statsvitskapeleg fag som passar for deg som er interessert i korleis politikken vert utforma og realisert, korleis den verker og korleis vi kan forstå det politiske systemet vårt.
Likar du å engasjere deg, diskutere nyheiter og sette deg inn i aktuelle saker er dette eit fag for deg!
Program Open dag
På Open Dag får du vite meir om kva du lærer som bachelorstudent i politikk og forvaltning: Du får høyre korleis det er å være student på programmet, kva moglegheiter programmet gjev, korleis du kan reise på utveksling, og kva du kan bli.
Du får og møte nokre av dei flinke undervisarane og fagfolka våre, som fortel om kva faget eigentleg er for noko og korleis vi har lagt opp den første undervisninga du møter som student hos oss.
Det er lagt opp til at du kan stille spørsmål undervegs!
Program:
- Velkomen!
- Om faget: Kva er politikk og forvaltning?
- Om undervisninga: Kva møter du det aller første semesteret?
- Om å vere student: Korleis er det å vere bachelorstudent i politikk og forvaltning?
- Om vegen vidare: Erfaringar frå ein masterstudent
- Om utveksling: Kor og korleis kan du studere i utlandet som ein del av bachelorutdanninga di?
- Om andre ting det er lurt at du veit litt om når du vert student hos oss!
Om studiet
Politikk og forvaltning er eit statsvitskapeleg studium av politikk og organisasjon. Vil du lære meir om korleis samfunnet og dei politiske institusjonane rundt deg fungerer? Ein bachelorgrad i politikk og forvaltning er eit spanande og lærerikt studium som gir deg mange valmoglegheiter vidare, både med tanke på utdanning og arbeidsliv.
Er du interessert i politikk og likar å diskutere tema som demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk, er dette studiet for deg. Her lærer du å forstå og analysere aktuelle samfunnsproblem og utfordringar, på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå:
- Korleis blir innhaldet i politikken til?
- Kva prosessar ligg bak ei politisk avgjerd?
- Korleis løyse uregjerlege problem knytt til klima, fattigdom, eller kriser?
- Korleis fungerer ulike organisasjonar?
- Korleis fungerer byråkratiet på ulike nivå?
I studiet lærer du å forstå prosessar og samhandlingar i og mellom organisasjonar. Du får dessutan djuptgåande kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.