På Open dag skal vi prøve å gi deg svaret på desse spørsmåla, og med på kjøpet får du ein smakebit på korleis det er å vere student ved Institutt for sammenliknende politikk. Du får også høyre erfaringar frå studentar som har reist på utveksling, og ikkje minst om det unike praksistilbodet ved studiet.
Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system og politisk åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved å studere samanliknande politikk får du innsikt i vilkåra for demokrati og demokratisk utvikling.
Program for Open dag:
- Velkomst
- Kva er samanliknande politikk?
- Kva er Europastudier?
- Fagleg innhald
- Utveksling
- Arbeidspraksis i studiet
Merk at dette er eit felles arrangement for Samanliknande politikk og Europastudium.
Om studiet
Det handlar om å sjå på og samanlikne ulike politiske system. Dette bachelorprogrammet vil gi deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie. Det blir lagt vekt på politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa.
Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, på same måte som den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lever i. Vi finn store variasjonar innanfor enkelte land over tid, så vel som mellom land. Studiet vil gi deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie.
Solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie er ofte eit vilkår for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Globalisering tilseier også at det er behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Programmet legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapeleg.
Samanliknande politikk har tilbod der du kan ha praksis i ei bedrift som ein del av studieløpet ditt. På denne måten kan du nytte kunnskapen og eigenskapane du tileignar deg under studiet, i praksis. Samtidig som du kan skaffe deg arbeidserfaring og nettverk. Nokre av våre samarbeidsbedrifter er FN-sambandet, Vest-Norges Brusselkontor og Bergen Næringsråd.