Open dag ved Institutt for økonomi gir deg moglegheit til å treffe studentar som går på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi. Du får høve til å stille spørsmål om alt du lurar på, samt eit innblikk i studiekvardagen deira. Du får òg møte ein av våre flinke førelesarar slik at du kan sjå kor spennande det kan vere å studere økonomi.
Dette er eit fellesarrangement for studieprogramma Samfunnsøkonomi (bachelor), Samfunnsøkonomi (profesjon/integrert master) og Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) på UiB.
Program for Open dag
- Kort introduksjon om dei ulike studieprogramma i økonomi
- Møt studentar som fortel om studiekvardagen sin ved UiB
- Smakebit frå økonomiens verden med quiz
Om studiet
Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg metodar til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar. Spørsmål som studiet tar opp, er til dømes:
- Er globalisering bra for norske forbrukarar og næringsliv?
- Kva er beste måten å få ned klimautslepp?
- Kvifor blir skiljet mellom fattige og rike land stadig større, og kva gjer vi med det?
- Korleis kan prisar i aksjemarknaden gi informasjon om økonomiske forhold i framtida?
- Korleis kan vi handtere korona-krisa?
- Korleis kan bedrifter posisjonere seg i marknaden for å oppnå auka lønsemd?
- Bør vi produsere meir olje, og korleis skal vi handtere oljeinntektene?
Ved å studere samfunnsøkonomi får du ei utdanning som gir deg god løn og stor valfridom i arbeidslivet. Du får ei utdanning som kjem til nytte enten du tenkjer å jobbe i næringslivet, i offentleg forvaltning eller innan forsking og undervising. Samfunnsøkonomi er eit trygt val for ei usikker framtid.