På Open dag gir vi deg ein smakebit på korleis det er å studere sosialantropologi ved UiB.
Program for Open Dag
- Lær meir om kva sosialantropologi dreier seg om, kvifor faget er viktig i dagens samfunn og kva jobbmoglegheiter ein har etterpå.
- Du får sjå ein film om kva sosialantropologi handlar om
- Du får ei gjennomgang av oppbygginga av bachelorgraden
- Ein student fortel om sitt utvekslingsopphald i og utanfor Europa
- Ein masterstudent fortel om sitt feltarbeid
Om studiet
Som antropologistudent får du innsikt i dagsaktuelle tema og lærer å tenke sjølvstendig for å analysere korleis dei små tinga heng i hop med det store bildet. På studiet lærer du ulike omgrep og perspektiv for å forstå politikk, religion, makt, slektskap, identitet, konflikt og kommunikasjon på nye måtar. Slik får du også betre verktøy for å forstå folk og fenomen på deira eigne premissar.
Sosialantropologi er eit vidt fag når det gjeld både tema og region. Tematisk forskar antropologar for eksempel på konsekvensar av klimaendringar, global kapitalisme og ulikskap; urbefolkningar, minoritetar og migrantars levekår; og endringar i førestillingar om mennesket og sosiale relasjonar i ei teknologisk avansert verd. Antropologar utfører langvarige feltarbeid blant menneske over heile verda, inkludert stillehavsøyer, digitale nettsamfunn og asylmottaket i bygda.
Studieopphald i utlandet gir deg som antropologistudent stort utbytte av det du lærer hjå oss. Vi legg derfor godt til rette for at alle våre studentar skal få reise (nesten) kor som helst i verda.
Velkommen til oss på sosialantropologi!